tirsdag 2. juli 2019

NM Masters 2019

30. juni arrangerte Nordhordland Sykkelklubb NM masters fellesstart i ei rundløype på 19km og 360 høgde meter som skulle syklast 3 ganger for kvinnene.

 

VCK hadde ein ryttar til start, Kristin Eidsheim Sønnesyn, og ut frå Kristins resultat tidlegare i sesongen hadde me håp om at dette kunne bli bra, på pallen i 8 av 9 ritt og heile 5 seierar så langt.
Korleis det gjekk i rittet kan du lese i Kristin sin rapport under.

NM masters.
 
Eg bestemte meg for å stilla for nokre veker sidan. Det er ikkje alltid ein kan stilla i NM masters så lokalt. Sidan Bergen-Voss har formen blitt betre, for då hadde eg vore sjuk i forkant. Me sykla løypa ein gong veka før, og syns ho var utruleg hard. Eg var spent - første gong i eit reint kvinnefelt. Heldigvis regna det litt, det fekk meg til å kjenna meg meir avslappa (eg har sykla i regn før, det taklar eg). Starten gjekk og masteren køyrde oss heilt over og ned den første bakken. Det var ei krevande løype, lite pausar, ganske kuperte "flatar". To relativt lange, harde bakkar. Men endeleg kjende eg meg betre i bakkane (det er ei stund sidan!). Og eg hang med. Den andre runden var hardare og det sprakk opp litt, særleg nedover. Eg og tre andre satt i front og køyrde i rulle, men dei andre tok oss igjen. Det roa seg litt mot siste runde, før det vart køyrd hardt i dei to siste bakkane på siste runden. Me var rundt 6-7 i feltet. Eg klarte å køyra kontrollert og eg kom over den siste toppen som nummer to. Det var motvind mot mål, så det hadde vore vanskeleg å ligga aleine. Mot mål vart det litt støting, inkludert eit lite støt frå meg, berre fordi eg ville (sikkert ikkje så lurt). Før den siste bakken gjekk ei dame hardt til først, men to andre tok henne kjapt igjen i bakken. Eg tok henne også og med ein langspurt tok eg nesten 2. plassen totalt. Men eg var nøgd, eg vann klassen, nådde målet (å ha det kjekt og å henga med) og har kome endå nærmare å vinna. Kanskje eg tør å satsa endå høgare neste gong? Det tek eg med meg. Eg klarte å tenka rett og hang med når det gjaldt. I tillegg følte eg meg sterk og smilte ein del under løpet.
VCK gratulerer Kristin som Norgesmeister, det er både fortent og fantastisk kjekt at du vann og ikkje minst stas og ha ein Norgesmester i klubben.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar