Medlemsinfo

Bli medlem
Vossevangen CK er ein klubb som passar alle syklistar. Me har to fellestreningar i veka der me har eit godt opplegg som ivaretek alle. 

Medlemsregistrering i min idrett
Vossevangen CK brukar min idrett til medlemsregistrering, og betaling av treningsavgift/kontingent vil gå via min idrett og Vipps. 

Alle medlemmer i klubben må meldast inn i Min Idrett

Medlemssatsane er: hovudmedlem kr. 300,- familiemedlem kr. 500,- ungdomsmedlem kr. 100,- og støttemedlem kr. 100,- (medlemmer under 20 år er enten inkludert i familiemedlemskap eller ungdomsmedlem). Velkomen som medlem! 

Stønadsordningar for Vossevangen CK
Vossevangen CK har som overordna mål å fremja sykkelsport og triatlon på både mosjons- og aktivt nivå. Klubben har difor stønadsordningar for å hjelpa medlemmane økonomisk. Klubben stør opp om både breidde- og elitesatsing. Klubben sin målsetnad med stønadsordninga er å fremja gode resultat slik at klubben og støttespelarane våre utmerkar seg på ein positiv måte, og i tillegg motivera til trening og auka merksemd rundt sykling og triatlon.

Som utgangspunkt for tildeling av stønad, har klubben fylgjande grunnregel: All stønad er knytt til medlem som har lisens i Vossevangen CK og som syklar med Vossevangen CK si klubbdrakt. Klubbdrakta skal vera komplett og av siste utgåva.

Breidde (all støtte krev at ein startar i tevlinga):
  • Klubben stør reiseutgifter til ritt på Vestlandet, Valdres og Hallingdal med 1,5 NOK/km og bompengar (Gjeld ikkje Bergen-Voss).
  • Reiseutgifter til ritt lenger vekke kan òg støttast, men berre etter førehandsgodkjenning frå styret. Skal du lenger avgarde på ritt, send ei melding til vossevangenck@gmail.com og spør om dette. 
  • Klubben stør påmelding til alle offisielle sykkelritt i heile Noreg, med to unnatak; Bergen-Voss og Birkebeinarrittet. 
  • Øvre grensa totalt er 7500,-.
For attendebetaling SKAL ein nytta fylgjande skjema som skal sendast til kasserar:
https://www.dropbox.com/sh/b28jme2hylbd41g/AAB3DQjQH1w9RNM3BDo5L84ea?oref=e
(Brukarrettleiing; viss du ikkje har dropbox, får du melding om å oppretta konto. Det treng du ikkje å gjera, du kan berre klikka på "nei takk, fortsett til nedlasting" nede på sida.)

Elite:
  • Utøvarar som ynskjer å satsa meir aktivt kan søkja klubben om økonomisk stønad til dette
  • Stønaden kan nyttast til reise, opphald, påmelding og lisens (ikkje til kjøp av utstyr)
  • Vilkår ein legg vekt på ved tildeling:
        o Resultat frå tidlegare år
        o Alder og utviklingspotensiale
  • Alle utøvarar som får tildelt stønad skal signera kontrakt med klubben før utbetaling kan skje. Utbetaling vil berre skje om villkåra i kontrakt er oppfylt.
  • Utøvarar med lisens i Vossevangen CK men som i tillegg har kommersiell og/eller sportsleg tilknyting til andre  team/sponsorlag, vil verta prioritert bak dei som satsar for fullt gjennom klubben.
  • Søknadsfrist er 31. desember for komande sesong og tildeling skjer normalt på fyrste styremøte på nyåret. Styret tek atterhald om tilstrekkeleg økonomi. Reglane kan endrast på årsmøtet.

Klede
Me har flotte sykleklede – levert av Bioracer, og med heilt nytt design i mars 2021! Me tingar i utgangspunktet klede tidleg om våren, men andre tidspunkt vil kunne verta gjennomført ved behov. Klubben stør opp med 50 % rabatt på allereie rabattert klubbpris. Nettbutikken er oppdatert med dette. For storleikar oppmodar me å nytte Bioracer sine eigne tabellar som ein finn i nettbutikken!