Treningar

Treningar våren 2017
Fellestrening vert tysdag og torsdag kl. 18:00 - oppmøte ved Meieriet. Fyrste gong vert tysdag 17. april med roleg tur rundt Vangsen og litt anna! Tysdagar syklar me rolege turar, medan torsdagane vert fokus på kvalitet. Begge dagar vert tilpassa slik at dei passar for alle i klubben. Møt opp!


Trening våren 2015
Fellestreningane er tysdag og torsdag kl. 18. Oppmøte ved Meieriet. Oppstart vert tysdag 7. april! Klikk på bilete for meir informasjon.

Spinning januar-mars 2015
Det vert spinning torsdagar kl. 1830-20 hjå Fitness 1. Oppstart vert torsdag 8. januar!

Trening oktober-desember 2014
Det vert spinning gjennom vettoren 2014/2015 etter same lest som i fjor: me har ei fellesøkt tysdagar kl. 18:30-20.00 på Fitness1. Tilbodet er GRATIS for medlemmane våre! Klubben stiller med godt utdanna, blide og inspirerande instruktørar gjennom sesongen. Me vil samstundes oppmoda medlemmane våre til å handla seg halvårskort/årskort for å trena styrke hjå Fitness i kombinasjon med spinninga. Me får rabattar. Oppstart vert tysdag 28. oktober!

PS: I tillegg til svært sosial spinningøkt vert det meir eller mindre organiserte turar/springing/randonee/langrenn/piggdekksykling osv. på ulike kveldar/helg gjennom haust/vinter/vår. Me satsar på å nytta Fjesbok-sida vår til å avtale den type aktivitet.

Trening sumaren 2014
Me trenar ufortrødent vidare med to fellestreningar i veka: landeveg på tysdagar og terrengsykling på torsdagar. Viss du ikkje har mtb-sykkel eller berre ikkje vil sykla på dei flotte stiane og stølsvegane på Voss, kan du stilla med racar også på torsdagar (det plar alltid vera nokre som syklar med racar også på torsdagar). Oppmøte som vanleg kl. 18 ved Meieriet. Alle er velkomne på våre treningar!

Trening våren 2014

UTETRENINGAR tysdagar og torsdagar kl. 18! (ikkje 17.30). Oppmøte ved Meieriet. Sjå detaljar på treningsplanen til høgre, klikk på bilete for større versjon.


Trening vinteren 2013-14
Me har ei viktig fellestrening i løpet av vinteren: Spinning tysdagar 1830-20 hjå Nr. 1 Fitness Voss. Her kan alle stilla GRATIS (klubben betalar leige av salen). Fyrste gong etter jol vert 7. januar!

Både hovudmedlem og familiemedlem i klubben får dei svært gode prisane me har avtala med Nr. 1 Fitness på "dropp-in", seksmånadarskort og heilårskort. Med kort får ein full tilgang til vekttrening og alle salaktivitetar.



Trening hausten 2013
På grunn av årstida flyttar me start av fellestreningane til kl. 17:30! Landeveg tysdag og MTB torsdag (dei som ikkje har mtb kan reisa på landevegstur). Avreis frå meieriet begge dagar. Hugs ljos! Alle er velkomnne!
Trening sumaren 2013
Bergen-Voss er forbi, men sesongen er framleis lang! Fellestreningar frametter sommaren vert: roleg landevegstur på tysdagar og terrengsykkel-økt på torsdagar med noko høgare intensitet (for dei som ikkje har terrengsykkel eller ynskjer landeveg torsdag, er det råd å møta opp for ein alternativ tur). Meir konkret info om aktuelle turar kjem på Fjesboki etterkvart. Vel møtt på Meieriet kl. 18.00 tysdagar og torsdagar. Det vert sol og medvind!

Trening våren 2013

Møt opp!


Treningar tysdag (roleg) og torsdag (meir fart), avreise begge dagar kl. 18:00. Treningane varar ca. 2-2 1/2 timar, oppmøte ved Meieriet. Turar rundt Vangsvatnet går om Gjernes og Vikjavegen ned og Bulken attende. Helgeturar avtalar folk seg i mellom, men legg det ut på facebook slik at fleire kan vera med.




Trening vinter 2012-13

Denne vinteren har me fellestrening på tysdagar. Me trenar hjå Nr. 1 Fitness Voss i Vangsgata 36. Det er spinning frå kl. 1830-2000. Fleire trenar styrke frå kl. 1730-1830 i forkant av spinninga. Alle våre medlemmer får treningskort til rabatterte prisar, samt at klubben dekker 400,- av kortet til dei som er med på spinning. Me har tilgang til alle fasilitetar hjå Nr. 1 Fitness, mellom anna alle salaktivitetar. Dei som tek på seg instruktørjobben er Jørund, Nils, Stine og Rune. I tillegg vert det gjesteopptredenar av Silje og Bjarte. (I tillegg til fellestreninga på tysdagar driv fleire av våre medlemmer på med toppturar på måndagar, samt at mange er aktive på ski oppi Herresåsen).



Trening sumar/haust 2012
(Eller du kan klikka på bilete til høgre viss ikkje du får til å opna lenkja over)










Klikk for å forstørra planen
Treningar sommaren 2012
Tysdag 17:30 og torsdag kl. 17:30. Begge treningane vert med landevegssykkel fram til Bergen-Voss, og varar omlag 2 timar. Desse to fellestreningane passar for ALLE, og det vert roleg på tysdagane og meir fart på torsdagane. Fyrste trening vert 10. april. Oppmøte ved meieriet (målgang Bergen-Voss).





Vintertrening 2011-2012, januar-mars
Fellestrening tysdagar 1730-1945 hjå Mosjonsgutane. Fyrst styrke 1730-1830 og deretter spinning 1830-1945.
Bjarte, Stine og Nils vert instruktørar.
17. jan    Bjarte - mykje fart, korte intervallar
24. jan    Nils- styrketråkk, teknikk
31. jan    Bjarte - mykje fart, korte intervallar
07. feb    Nils - styrketråkk, teknikk
14. feb    Bjarte - mykje fart, korte intervallar
21. feb    Stine - bakkekøyring, lågare frekvens og puls, lange drag (6-10 min)
28. feb    Stine- bakkekøyring, lågare frekvens og puls, lange drag (6-10 min)
06. mars Bjarte - mykje fart, korte intervallar
13. mars  Nils - styrketråkk, teknikk

Vintertrening 2011-2012, nov-des.
Fellestrening tysdagar 1730-1945 hjå Mosjonsgutane. Fyrst styrke 1730-1830 og deretter spinning 1830-1945.

Bjarte, Stine og Nils vert instruktørar.
01.11 Bjarte: Mykje fart, korte intervallar
08.11 Bjarte: Mykje fart, korte intervallar
15.11 Nils (Stine): Styrketråkk, teknikk
22.11 Stine: Bakkekøyring, lågare frekvens og puls, lange drag (6-10 min)
29.11 Stine: Bakkekøyring, lågare frekvens og puls, lange drag (6-10 min)
06.12 Bjarte: Mykje fart, korte intervallar
13.12 Nils: Styrketråkk, teknikk
20.12 Stine: Bakkekøyring, lågare frekvens og puls, lange drag (6-10 min)

På fredagar vert det folk frå klubben hjå Mosjonsgutane frå kl. 17 og utover.



Oversikt for torsdagane, sumaren 2011:
Legg opp til ca. 1 1/2 til 2 timer, blir litt naturlig intervallpreg. Legg opp til litt teknisk trening på stiar. Turane vil vere litt vêravhengig. Ved mykje regn må me leggja turane til grusvegar og ved turt og fint vêr kan me sykla stiar.

Løyper me kjem til å bruka vert:

  • Bømoen
  • Skianlegget i Herresåsen
  • Bordalen/Rong over til Bulko (langtur ca. 3 timer)
  • Hjelle – Hindertveit
  • Lemme over til Fjosastølane/Helgaset nedat om Raundalen
  • Storåsen
  • Bavallen-Slettafjellet-Røde Kors hytto-Raugstad
  • Raugstad-Dyrvedalen
  • Bulken-nesten til Ukvitne, over Nestås til Gjernes

Dette er nokre forslag, eg har også andre. Viss nokon har andre forslag til turar/løyper, så kom gjerne med det.

Alle turane tek utgangspunkt frå Fellesbakeriet torsdagar kl. 17:30, heile sommaren.

Nokre av turane vil nok bli litt lengre, kjem litt an på nivå og fart. Me kjem til å begynne treningane med 1/2 time roleg køyring. Me skal alltid ha ein mann frå klubben i front og ein bakerst viss det vert spredning i feltet.

Hugs å ta med ekstra slange, dekkspakar og pumpe/patroner!

Tirsdagane vert som vanleg på landeveg og roleg sone 1 trening.

Mvh Bjarte

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Då er me i gang med fellestreninga. Kvar tirsdag og torsdag fram til Bergen-Voss legg me opp til roleg trening tirsdagar og meir intensivt torsdagar. Dei rolege turane går stort sett til Granvin og skal vere i ”pratetempo”. Det vert i hovudtrekk lagtempo/lengre drag annakvar torsdag. Deler oss opp i puljar og kjører i kjede ved lagtempo. Ved lengre drag kjører me rundt Vangsvatnet og opp mot Raundalen. Viss svært dårleg ver, bakkedrag eller styrketråkk i staden for.

Første tempotesten, før løpa begynner for alvor, vert torsdag 28. april (10 km – langs Vangsvatnet).

Odd Inge Jordalen og Asbjørn Tveit vert med som ansvarlege på treningane i tillegg til meg. Etter Bergen-Voss vert torsdagstreninga på MTB. 


Ny plan kjem i mai.