VCK's sykkelturtips

Vossevangen CK er so heldige at dei har mange røynde fjell- og asfaltrevar i sine rekkjer. Her vil det, etter kvart som tida strekk til, verta lagt ut forslag til nydelege sykkelturar i Vossatraktene, både for terrengsykling og langs landevegen.

Tips 1. Vinje-Oppheim-Oppheimsdalen-Reppane-Revhaugane-Myrkdalen-Vinje. Låvly tur på Vossestrand for terrengsykkel. Du må rekna gode 2 timar på dei snaue 3 mila. Frå Reppane og til Revhaugane (svart strek) er det ikkje grusveg men ein artig kilometer med tuer og myr. Sidane rektoren på Bordalen skule klarte å sykla denne strekka så klarar du òg. Pass opp for kombinasjonen storslått utsikt og møk i vegen. Klikk på kartet!


Tips 2. Voss-Tjukkebygdi-Helgaset-Langedalsstølen-Oppheim-Nekvitne-Voss. Fin tur på omlag 5 mil, der dei snaua 3 kilometrane mellom Helgaset og Langedalsstølen (svart strek) er BT-parti (BT=bering og trilling). Klikk på kartet!


Tips 3. Aurlandsvangen - Lærdal - Aurlandsvangen (over fjellet). Turen tar mellom 6 - 8 timar alt etter fart og form. Det er ca 3000 meter stigning  (opp fjellet to gongar) og turen er ca 100 km lang. Det er lite og roleg trafikk, og vegen er i akseptabel stand. Men ein bør ta det litt med ro ned mot Lærdal. Nokre overaskingar her. Turen passar fint for å trene styrke, psyke og timar på setet. I fint ver er det ei naturoppleving i tillegg. Biletet viser tre kjekke karar på Stegastein halvvegs opp frå Aurlandsvangen. Berre 2300 høgdemeter igjen idag...Som kartet viser er det lengre i antall kilometer opp frå lærdal. Oppstigning i meter er sjølvsagt lik...  
Tre kjekke karar på Stegastein
Klikk for større versjon

3 kommentarer:

  1. Glimrande side. Reknar med andre kanskje kan kome med nokre idear her?

    SvarSlett
  2. He-he, god ide. Eg skal endra "profilen" på sida :)

    SvarSlett
  3. Me inviterer alle til å koma med turforslag!!!

    SvarSlett